Vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar.
Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Heile skulegarden er økologisk.
Skulegardsbruket er det sentrale «klasserommet» på SJH.
Mykje av undervisinga er lagt opp som praktisk arbeid. Dette for å gi eit godt og realistisk grunnlag for dei som skal driva ein økologisk gard.
Elevane har faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sauer og hestar. Om våren er det rundar med lammingsvakter i sauehuset.
Ein del av husdyrstellet kjem utanom ordinær skuletid, men vert medrekna i undervisingstimetalet.