Osterøy videregående skule tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det.
Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Opplæringa er spesielt tilpassa den enkelte elev sine behov og forutsetningar, og foregår i små grupper.
Elevane får opplæring både på skulen og gjennom praksis i ulike bedrifter.
Skulen har to ulike tilbod innan tilrettelagt opplæring, og opplæringa har som mål om å gje kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.
Elevane skal meistre tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass, eller i ei vekstbedrift.
Når elevane avsluttar opplæringa i vidaregåande skule, får dei eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Opplæringa i tilrettelagt opplæring er knytt til utdanningsprogramma: Teknologi- og industrifag, Helse- og oppvekstfag
Skulen tar utgangspunkt i det faget eller deler av faga som eleven meistrar, slik at eleven kan kome lengst mogleg innafor sitt potensiale og forutsetningar.