Os vgs.

Tilrettelagt opplæring
- Os videregående tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det.
- Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre.
- Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
- Os vidaregåande skule har utvikla fleire gode tilrettelagte opplegg, og har høy kompetanse i opplæringa av dei ulike tilrettelagte klassane.
- Skulen har gjennom dei siste åra vært gjennom ei grundig rehabilitering, og har derfor ei god universell utforming tilpassa dei fleste behov.
Tilrettelagt avdeling tilbyr opplæring på tre ulike nivå:
Tilbudene er knytt opp mot utdanningsprogramma: Bygg og anleggsteknikk og service og samferdsel.
Arbeidstrening (HTA) og Kvardagslivtrening (HTH).
- Os vidaregåande skule gir opplæring i tilrettelagte grupper. Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev. I gruppe for arbeidstrening er utdanningstilboda praktisk og arbeidsretta, og dei legg vekt på å utvikle yrkesfagleg kompetanse slik at eleven er førebudd på eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
- Os vgs legg til rette for at elevane skal utvide sitt sosiale nettverk og utvikle sin sosial handlingskompetanse.
- I gruppe for kvardagslivstrening har Os vgs fokus på at elevane skal få grunnleggande kunnskap og trening i kvardagslivsaktivitetar.
- Elevane får tett oppfølging av kompetente lærarar og miljøarbeidarar. Les mer om skolen her