Knarvik vgs.
Tilrettelagt opplæring
- Knarvik videregående tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det.
- Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre.
- Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
- Målet med tilrettelagt opplæring er å gje elevane grunnkompetanse, og det vert lagt mykje vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Læring gjennom praksis står sentralt hjå skulen.
Kvardagslivtrening HTH
- Knarvik videregående tilbyr Kvardagslivtrening innan utdanningsprogrammet Helse og oppvekst.
- Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til individuell tilrettelagt opplæring (tidligere kalt spesialundervisning).
- Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.
- Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.
Arbeidslivstrening HTA
- Skulen tilbyr også Arbeidslivstrening innen utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk eller Helse- og oppvekst, med fokus på matprodusjon og kantinedrift.
- Opplæringa er for elevar som treng god struktur og tilrettelegging i opplæringssituasjonen.
- Undervisninga skjer i grupper på 4-6 elevar, og skal førebu elevane til arbeidslivet gjennom praktisk arbeid og teoretisk opplæring.
- Målet med opplæringa er at elevane skal kunne meistre varig tilrettelgt arbeid i ei ordinær bedrift, eller ei vekstbedrift.