Dei er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel.
På ettermiddag/kveldstid har dei Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle elevar.
Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds.
Her møter du skulens miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Open skule er elevstyrt i lag med miljørettleiarane.
Miljørettleiarane går på hybelbesøk og er elevane sin støttespelar i kvardagen.
Open Skule blir mykje brukt av hybelbuarane, men er like mykje eit tilbod til fastbuande elevar og ungdom mellom 16-20 år, samt lærlingar i Gloppen Kommune.