Tilrettelagt opplæring er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tek utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga som ein kan meistra.
Målet er å gi elevane grunnkompetanse, som betyr at du ikkje følgjer alle måla i læreplanen, slik du ville gjort ved ein full yrkes- eller studiekompetanse.
Kvardagsliv (HTH)
Skulen har Kvardagslivstrening, som er eit tilbod for elevar med særskilde behov.
Elevane får tilrettelagt undervisning tilpassa kvar einskild sine føresetnader.
Elevane skal vera ein del av skulefellesskapet, og dei legg til rette for dette så langt råd er.
Elevane deltek på ulike aktivitetar tilpassa kvar einskild elev.
Skulen legg opp til eit tett samarbeid med foreldre/føresette og andre aktørar som har ansvar i samband med elevane våre.
Kvardagsliv legg vekt på:
bruk av IKT
song og musikk
å gje elevane våre ein strukturert og oversiktleg skulekvardag
å gje den einskilde eleven rom for å arbeida i sitt eige tempo
å «sjå» kvar einskild elev sine behov og utviklingspotensiale